"Og eg kjende at noko nytt heldt på å bryte fram inne i meg...
...glede og fred hadde overteke for tungsinn og depresjon...
...Orda og melodiane kom som ein respons frå djupet
av hjertet mitt; ein takk for kjærleiken Jesus omslutta meg
med gjennom denne tida. 8 av songane på Hearthealer cd'en
vart til i løpet av desse åra..."

Eit kort glimt frå prosjekthistoria til Hearthealer cd'en. Den er verdt å ta ein titt på. Den er også deler av ei livshistorie, mi historie. Det er som oftast berre i ettertid vi kan sjå meining i det som var trist og fastlåst då vi stod midt opp i det. Då eg opplevde at lyset braut seg inn i mørket og fargane igjen kom til syne omkring meg, kom der etter kvart ein trang til å sette ord på og tone til desse realitetane. Det gjorde så godt å få takke for den nyvunne fridomen. Slik fall orda i songen "Du er for evig den same" (Father Eternal Unchanging):
"Hendene dine kan lage, fryd ut av djupaste sorg. Anden din får vi å smake, du er vårt vern og vår borg."
Det er stort å kunne dele med andre at, ja, det går an å kome ut av den mørke dalen og bli teken opp på fjellet. Og der få eit nytt perspektiv. Glede og fred kunne igjen opplevast. Og denne oppvakninga til livet og Faderen er temaet i tekstane og inspirasjonen til musikken på denne cd'en.
"Kan eg verkeleg få leve så nær deg, Herre?" "Ja, det kan du, kjære barn!" Det er i sum bodskapen på Hearthealer cd'en!
Du er velkomen til å prøve ut musikken. Bruk lytte-banneret eller klikk her. Fleire av song-tekstane er lagt ut på eiga side. På engelsk slik som på cd'en. Kjøp cd eller last ned musikken her.