Planane framover
Vi skriv no september 2011 og mange spør etter når min første cd på norsk kjem. Dei fleste av songane på Hearthealer cd'en har eg laga norsk tekst på. Ja, faktisk så har cd'en nokre songar der den norske teksten er orginal-teksten og den engelsk-språklege versjonen har kome til seinare. Berre ein song har eg nokon gong jobba med samtidig på begge språk. Det var songen "Dream Come True" som fekk engelsk tekst på ein USA-tur etter at eg hadde starta å skrive songen heime i Norge, på norsk. Den vart fullført på morsmålet etter heimturen og fekk namnet "Din kjærleiksdraum".
Eg begynte som deltidsstudent i vernepleie i januar 2010. Det har sjølvsagt ført til at musikken og nye cd-planar har fått ein sterk konkurrent!! Eg er no snart 2 år inne i dette 4-årige studiet. Musikken er i høgste grad med i livet mitt, sjølv om sangskrivinga har vore omtrent fråverande dei siste åra. Men litt nytt kjem det når eg set av tid til å lovsynge og tilbe. Her er ein link til ein songide som eg skreiv då eg var i Sogndal, som student, i fjor haust. Det er ein salme duett-cd ilag med far som står først i køen av musikkprosjekt som ligg og ventar. Etter fleire år med stillstand, vil dette prosjektet kome igang denne hausten med vokalopptak i Stryn. Det er iallefall planen.
Når duett-cd'en er i boks vil prosessen å få til ein cd med eigne songar på norsk skyte fart.