Det var med forventning og ikkje så lite spenning eg drog til Jackson i juli 2005. Gjennom utallige epostar hadde produsent/musikar Josh og eg delt tankar, idear og visjonar vedr. songvalg, lydbilde og om kva vi trudde låg på Guds hjerte for denne cd'en. At fred, lækjedom og håp frå Herren skulle prege lydbildet og slik ramme inn tekstane og melodiane, det var sjølvsagt. Fleire ting peika allereie i den retning: Tittelen "Hearthealer" og bildet til Magne Kristiansen, som prydar cd-coveret set fokus på lækjedom. Det same gjorde orda som fødsels- hjelpar og cd-cover designer til prosjektet, Barbara Hudson, oppmuntra meg med året før: "Jan, du må lage ein cd av dine rolege songar. Som kan tale fred og håp til det indre menneske. Og som fører inn i Guds nærhet"
Vi begynte med ein av dei ca. 20 songane som var aktuelle, og då vi var komne til song nr. 13 var veka brukt opp. Og vi opplevde at vi hadde fått vore på skattejakt i Guds rike reservoar av instrument, rytmar og stemningar! Der var rikeleg med stå på vilje og kraft hos oss begge til å halde intensiteten oppe gjennom heile veka. Alle vokal på cd'en(minus harmoniar) og mine akkustisk gitar bidrag vart spela inn denne første veka pluss ein del gitar, ebo og anna som Josh fekk tid til undervegs.