Prosjekthistoria
Til USA
Etter å ha kjempa med depresjon frå eg var 19 år og langt inn i tjueåra, gav Herren meg frimod til å søkje på ein disippeltreningsskule(DTS) hjå Ungdom i Oppdrag i Texas, USA. Skulen starta i september 1992. Etter fullført kurs og eit halvt år med vidare teneste fram til hausten -93, kom eg heim som ein på mange måtar ny person. Depresjonen hadde fått eit skikkeleg skudd for baugen, og med i bagasjen heim att fekk eg eit profetisk ord frå ei som ba for meg under kurset. Ordet lydde slik: "It is finished, there is complete soundness of mind", som på norsk blir: "Det er ferdig, tanken/sinnet er heilt friskt." Og eg kjende at noko nytt heldt på å bryte fram inne i meg. Gamle festningsverk låg i ruinar, glede og fred hadde overteke for tungsinn og depresjon. Og eg visste at alt dette stod Jesus bak.

Og allereie sommaren -94 sa eg ja til ein ny periode i teneste for UIO i Texas. Eg kjøpte meg gitar på St. Olav Musikk i Oslo, og dei neste 8-9 månadane var eg postmann og lovsanger hjå Last Days Ministries, som var namnet til dette UIO-senteret. Og det var gitaren samen med tida - som eg hadde rikelig av - som for alvor forløyste melodi- og tekstskrivinga som sidan har vore aktiv i livet mitt. Eg hadde rom i "the Blue house" den hausten, der Keith og Melody Green ei tid budde då dei saman leia organisasjonen. Keith døde i ei flyulykke sommaren 1983 då han skulle vise ein familie dette området frå lufta.
Etter desse til saman 1 år og 9 månader i Ungdom i Oppdrag gjekk turen til Stryn og Oslo der eg var frå april til desember i 1995. Men eg var langt ifrå ferdig med USA. Det gjorde godt å vere heime og få tid med familie og vener, men særleg utover hausten kjende eg meg dregen i "vesterveg" igjen.

Jackson, Mississippi
Denne gongen var utfordringa å jobbe med ein cp-ramma ungdom i Jackson, Mississippi. Medan eg var i Texas var eg blitt kjend med Robinson-familien, og ein del av fritida hadde gått med til å hjelpe dei med eldstegueten, Michael. No hadde han flytta inn hjå familien Hudson i Mississippi, og i romjula-95 reiste eg dit for å vere med i eit prosjekt for å hjelpe Michael å vekse som menneske og som kristen. Vi tok tak i eit spekter av utfordringar: Å lære han å kle på seg sjølv, hygiene/sosial trening, ete-teknikk, muntleg språkbruk, augemuskel-trening, lesing og kristen disippeltrening/sjelesorg.
Og Michael viste raskt stor framgang, og vi som arbeidde med han lærte masse om tålmod og om å jobbe i team der vi stadig måtte legge oppgåvene i Guds hender. Idear og framgangsmåtar i arbeidet kom etterkvart som utfordringane dukka opp. Dessverre fekk vi ikkje hjelpe Michael og utvikle programmet i den grad vi gjerne ville. Han måtte flytte heim til sin familie i mai-97. Men både han, eg og heile Hudson-familien hadde alle opplevd rik vekst og sett mange små og store under medan Michael budde i heimen.

Eg var hjå familien Hudson i 3 år til, og gjennom heile perioden der i 5837 Medallion Drive opplevde eg å bli friare og tryggare som menneske og som kristen. Ein etter ein måtte tanke-bygningar og misforståelsar, som depresjonstida hadde bygd inn i meg, vike plassen for sanningane om liv, tru og fridom. Dette som Jesus så tydeleg levde ut og proklamerte, og som vi kan lese om i evangelia. Og stadig kom det nye songar ettersom eg brukte tid på å tilbe og lovprise Jesus på rommet mitt og i lag med andre. Orda og melodiane kom som eit gjensvar frå djupet av hjertet mitt; ein takk for kjærleiken Jesus omslutta meg med gjennom denne tida. 8 av songane på Hearthealer cd'en vart til i løpet av desse åra med så mykje indre forløysing og vekst.
Tilbake til Norge
Ettersom tusenårskiftet nærma seg, visste eg at mi tid i USA gjekk mot slutten. Eg hadde då lenge førebudd meg på å flytte heim til Stryn i Nordfjord. Der ville eg få meg jobb i omsorgstenestene til kommunen og dele hus med mine foreldre. Det kjendest både godt og rett. Og under desse over ni åra heime i Norge, har det blitt mange turar på besøk til Jackson, Mississippi. I mars 2005 møtte eg Joshua Scott, som var lovsangsleiar i Christ Life Church(som no har slått seg saman med ei anna kyrkje og blitt ChristLife Church of the Highlands), kyrkja til Hudson-familien. Det laga seg slik at eg fekk dele nokre av songane mine med han. Etter stadig kontakt utover våren og forsommaren, vart det til at eg reiste over til Jackson ei veke i juli og der la vi - i heimestudioet hans - grunnlaget for Hearthealer cd'en.

Innspeling av cd
Utpå hausten vart det to nye turar til Jackson for å arbeide med cd'en. Og vi opplevde mykje ettersom prosjektet skreid fram. Orkanen "Katrina", som øydela New Orleans og Mississippi-kysten i september-05, gjorde at huset der vi gjorde opptaka fekk takskade. Og medan eg var der for å legge på vokal-harmoniar, måtte vi gjere opptaka inn i mellom tak-reperasjonane! Og gullfiskane i Josh sitt akvarium hadde det med å hoppe og lage små "skvulp" som ikkje alltid passa inn i arrangementa på songane! Men vi opplevde å flyte på Guds nåde, Og Josh la på ulike gitar lydar/stemmer etter kvart og tok kontakt med andre musikarar som han kjende. På det ferdige produktet er med to trommisar, ein på fretless bass, min pianist-venn Frank frå Oslo, i tillegg til all gitar, bass, perkusjon, tangent, munnspel og anna som Josh sjølv stod for. Eg syng all vokal og spelar akkustisk gitar på 11 av songane.

Tidleg den hausten tok eg kontakt med Frank van Essen, som er trommeslagar og fiolinist for det keltiske bandet Iona. Han tilbyr komponering, arrangering og innspeling av fiolin og bratch gjennom si webside www.stringsattached.nl Eg bestilte tenestene hans på 4 av songane på cd'en, og dei flotte, stemningsfulle arrangementa løfter produksjonen opp fleire hakk. Frank spelar sjølv tre av stemmene(2 fiolin, 1 bratch) og har med seg ein kjenning på cello. Josh tok seg av mixinga sjølv, med stadige tilbakemeldingar/kommentarar frå meg undervegs i prosessen.
Men la meg hoppe til februar 2006: No var master cd-en endeleg klar i lag med det grafiske designet av cd-heftet på 16 sider. Designer var mor i huset i Jackson, Barbara Hudson. Sommaren før hadde eg bestilt eit original maleri av min kunstnar-ven, Magne Kristiansen (adfontes.no). Og det var dette bildet Barbara brukte som grunnlag i arbeidet med cd-heftet og cd-coveret. Begge hadde gjort ein kjempejobb! Den 22.2 kl 22.22 kom eg heim til Stryn med 1000 rykande ferske cd'ar i bilen. Dei var trykte i Tyskland gjennom Grafisk Media på Gjøvik.
Det har vore velsigna å oppleve mottakinga av cd'en i tida etter lanseringa våren 2006. Mange har kommentert freden musikken ber med seg. Nils Bakke, som skriv for avisa Norge Idag, skreiv desse orda om cd'en: "Når livets torner er blitt mange, så drar disse tonene de ut. Cd'en er trøstende for en sliten eller salve for en såret sjel." No i 2009 har eg fått distribusjonsavtale med Mudi AS slik at alle musikkforretningar no kan bestille den der.

Og musikken kan pr. desember 2009 kjøpast her, gjennom nettsida du no er på, på websida mudistore.no eller lastast ned på cdbaby.com, itunes, amazon.com og fleire andre nettstader.